Til kassen
Totalt: 0
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-

Om oss

 

LIVSLYST er en stor flott butikk midt i sentrum av Fjøra i Sogndal. Livslyst er en livsstilsbutikk med klær, interiør, smykker og tilbehør. Hos oss finner du kvalitetsvarer og vi gir deg gjerne gavetips i alle prisklasser. Vi har også nettbutikk, klikk deg inn i nettbutikken. https://www.livslystsogndal.no
Vi håper gjennom ulike aktiviteter og prosjekt, bilder å være ein arena for formidling av Livslyst.

I 2007 døde min mann, far til Amalie (6 år) og Haakon ( 3 år). Eg kjende på å miste all livslyst eg hadde. Eg og mine to barn måtte gå vidare åleine, utan den trygge resurssterke mann og pappa. Vi var heldige å ha mange rundt oss som hjalp oss vidare. Litt over eit år etter kjende eg at eg byrja å få livslysta tilbake, eg såg fram mot neste dag, så neste månad og år… Livet gjekk sakte vidare.
Då eg opna Livslyst i 2011 ville eg skape noko som kunne vere positivt for meg, min familie og fleire. Om ikkje det å handle definerer lykke i livet er det for mange noko som kan gje ein god opplevelse i kvardagen. . Eg har jobba som hud og fotterapeut tidlegare og vil vere i ein jobb der eg kjem i kontakt med folk. Slik skapte eg då butikken Livslyst - meir enn berre ein handel!
Du finn oss i Parkvegen 13 eller klikk deg inn i vår nettbutikk https://www.livslystsogndal.no
Etter mange år og med mange dyktige medspelarar er dette blitt til to butikkar, eit merkevareutsal og ein nettbutikk. Mest av alt ynskjer vi å sjå deg i butikken!

På Livslyst har vi no fleire dyktige jenter som ynskjer dykk velkomen til ein triveleg handel!
Vi ynskjer alle velkomne!
Livslyst - meir enn berre ein handel